Bilde1.png
 

er eit insekt som slo sine fyrste taktfaste hjarteslag den 1. september 1984. Sjølve navnet skal det ha fått etter spådommen om at "dette er berre nok ei døgnflue". Det viste seg mektig feil i flue-år. No vart riktignok døgnflua fullstendig overrumpla i dei tidar Spice Girls herja som verst, men i ein ny vår har døgnflua blitt klekt på ny. -Og vi har vist oss kapable til å lage eit helvetes leven i lystig lag! Har du fingra ein torader før? Har du ein som går i G og C-dur? Vi er spelemenn på alle nivå. Andre typer trekkspel kan og slenge seg på (men hovudsakeleg er det to rader som er gromt). Instrumentet gjer seg særs godt for folk med skjelvande fingrar og ukontrollerte spasmar, samt litt innabords.

Ta kontakt på postboksen i posthuset.